Skip to Content

Sidersmaking og omvisning på Hardanger Saft- og Siderfabrikk

Bestill nå! SIDERSMAKING OG OMVISNING PÅ HARDANGER SAFT- OG SIDERFABRIKK


Hardanger Saft- og Siderfabrikk

Den einaste frukt- og siderruta i Noreg finn du i Ulvik i Hardanger. Tre gardar – mange ulike opplevingar frå gard til gard. Alt innanfor gangavstand der du kan du vandra på eigenhand i vakkert kulturlandskap langs Apalvegen.

Opplev frukt og siderruta i kombinasjon med omvisning og smaking på Hardanger Saft og Siderfabrikk/ Lekve Gard.

Sidersmaking med omvisning kan bestillast  ut fra åpningstidene nedenfor i perioden 13.6 - 13.august. Dersom du ynskjer smaking på fleire gardar, må du gjere ei bestilling per gard.

Kvar måndag, onsdag, torsdag og fredag i sesong.

  • Gjeld: 13/6 - 13/8 2022 måndag, onsdag, torsdag og fredag.
  • Oppmøte: På garden
  • Tidspunkt: 12:30 eller 15:00
    • Velg ditt tidspunkt ved bestilling
  • Varighet: ca 1,5 timer
  • Pris: 375,- per person. Born 7- 17 år 50% rabatt, born 0- 6 år gratis
  • Inkl.: Omvising. Smaking av sider og eplemost. Opplev historie, kultur og tradisjon. Gardsbutikk

Du kan starta turen på eigenhand frå turistinformasjonen/ sentrum av Ulvik der du vandrar langs fjorden til starten av Apalvegen. Langs Apalvegen kan du besøka dei 3 frukt- og sidergardane i frukt og siderruta, der alle har gardsbutikk. Gardsalet er ope måndag til laurdag mellom 10:00 og 17:00.

Turen kan du starte når du vil, men smakingen begynner enten kl 12:30 eller kl. 15.00 avhengig av kva dag du veljar. Du kan rekne med omlag 30-45 minutters vandring frå sentrum til gardane. Det er og mogeleg å køyra direkte til garden for å få med seg den guida omvisninga.

Alle gardane tek også imot grupper etter avtale, for omvisningar og smaksprøvar. Ta kontakt med garden for meir info. 

  • 18 års aldersgrense på sidersmaking, men passar og for familiar
  • Varighet ca 1 time

Les meir om Frukt og Siderruta

Foto: Visit Hardangerfjord

Back to top