Skip to Content

Sider og fruktdestillatsmaking

Bestill nå! SIDER OG FRUKTDESTILLATSMAKING

Opplev Edel sider og Åkre Gard

Sider og fruktdestilatsmaking hjå Edel på Åkre

I perioden 01. juni til 01. september kan du måndag til laurdag vera med på smaking på Åkre gard. Her får du smaka prisvinnande sider og innovative fruktdestilat. Fleire av produkta til Edel kan du finna igjen hjå annerkjente Michelin restauranter og har hausta fleire prisar både nasjonalt og internasjonalt.

Garden ligg optimalt plassert for å produsera dei beste epla for ein syrlig, frisk og balansert eplemost og ­sider, og vert i dag dreven av Arita & Gjermund Åkre, og med god hjelp av seniorgenerasjonen - Marit & Olav.

På garden har det opp gjennom tida vore produksjon av både frukt og kjøt, men i dag er hovedfokus på produksjon av eplemost og ­sider. Kvalitet, smaksoppleving, kortreiset, økologisk, naturleg og elegant er nokre av nøkkelorda når produkta vert til, og me håpar og trur det kjennest att på smaken.

  • Gjelder: 01/6 - 01/9 2022

  • Oppmøte: På garden

  • Tidspunkt: Måndag til laurdag 13:00 eller 15:00

  • Varighet: ca 1,5 time

  • Pris: 590,- per person

  • Inkl.: Smaking, omvisning, gardsbesøk

Les meir om Åkre gard

 

Back to top