Smak deg gjennom ulike sidertypar med ein eller fleire Siderplankar langs Frukt og Siderruta i Ulvik.
Den einaste frukt- og siderruta i Noreg finn du i Ulvik i Hardanger. Siderruta forbinder dei tre fruktgardane Hakastad Gard/Ulvik Frukt og Cideri, Syse Gard og Lekve Gard/Hardanger Saft og Siderfabrikk. Langs Apalvegen kan du besøka alle dei 3 frukt- og sidergardane, alle med sitt særpreg og dei legg vekt på å gje ulike opplevingar.
Utanom dei faste tidene for sidersmaking med omvising tilbyr alle gardane Siderplanke/Siderfjøl – med ulike opplevingar frå gard til gard. Det blir servert ein siderplanke med enten 3, 4 eller 5 ulike sidertypar, alt etter kva for gard du vel å bestille. Smak deg gjerne gjennom dei ulike variantane og spesialitetane til dei ulike gardane. Alkoholfritt alternativ er tilgjengeleg.
Siderplanke kan bestillast i opningstidene til gardsutsala og i perioden 30. april - 8. oktober. Dersom du ynskjer siderplanken på fleire gardar, må du gjere ei bestilling per gard.
Hos Syse Gard får du servert smakar og tradisjon frå Hardanger. 3 ulike sidrar + ein eplemost står på menyen. Det er og moglegheit for alkoholfrie alternativ. Du har og moglegheita til å bestille ein spekefjøl med spekemat, syltetøy fra Syse Gard, norsk ost og lokalt brød - vel spekefjøl og siderplanke i menyen.
Etter besøket hos Syse gard anbefalar vi at du tar turen Ulvik Frukt & Cideri eller Hardanger Saft- og Siderfabrikk - begge kun ein flott spasertur på ca 10 min frå Syse Gard. Alle gardane har gardsbutikk med utsal av ei rekke av sine eigne gardsprodukt - inkludert sider.
Opplevinga består av gardsbesøk med moglegheit for å handle i butikken 6 dagar i veka.
Siderplanka er tilgjengeleg måndag - laurdag frå kl. 10–16
Åpningstid for sal av Hardangersider:
GRUPPER:
For grupper frå 10 personar eller til ein minstepris er det mogeleg å bestilla omvising direkte på kvar gard. Vertskapa byr på spennande kultur- og smaksopplevingar. Ynskjer de fleire gardar lagar me gjerne eit opplegg for dykk. Ta direkte kontakt for bestilling av gruppeomvisingar!
Meir å oppleve i Ulvik:
Foto: Visit Hardangerfjord
Siderplanke inkluderer:
Totalpris per person fra kr. 250,-
VELG ANTALL PERSONER OG DATO
Reise
Reise