Sider og fruktdestilatsmaking hjå Edel på Åkre
I perioden 04. juni til 01. september kan du kvar dag vera med på smaking på Åkre gard. Her får du smaka prisvinnande sider og innovative fruktdestilat. Fleire av produkta til Edel kan du finna igjen hjå annerkjente Michelin restauranter og har hausta fleire prisar både nasjonalt og internasjonalt.
Garden ligg optimalt plassert for å produsera dei beste epla for ein syrlig, frisk og balansert eplemost og sider, og vert i dag dreven av Arita & Gjermund Åkre, og med god hjelp av seniorgenerasjonen - Marit & Olav.
På garden har det opp gjennom tida vore produksjon av både frukt og kjøt, men i dag er hovedfokus på produksjon av eplemost og sider. Kvalitet, smaksoppleving, kortreiset, økologisk, naturleg og elegant er nokre av nøkkelorda når produkta vert til, og me håpar og trur det kjennest att på smaken.
Gjelder: 01/6 - 01/9 2022
Oppmøte: På garden
Tidspunkt: 15:00
Varighet: ca 1,5 time
Inkl.: Smaking, omvisning, gardsbesøk
Totalpris per person fra kr. 590,-
VELG ANTALL PERSONER OG DATO